Line Dybedal spelar stubbekonsert i Nordfjordeid 7. august!

Line Dybedal spelar ved den nye skogsbilvegen i Nordfjordeid laurdag 7. august. 

Foto: Helle Frogner

Sogn og Fjordane Skogselskap er glade for å presentere Line Dybedal, frå Selje, som årets siste stubbekonsert-artist. Det blir aktivitetsdag for heile familien i forkant, før Line vil spele med Nordfjordeid som “backdrop”. Kanskje den flottaste konsertlokaliteten i landet?

Aktivitetsdagen startar kl 12.00 ved eit hogstfelt på sørsida av Nordfjordeid, og varar eit par timar før Line Dybedal vil spele ein gratis konsert for oss. Me håpar mange tek turen oppom for denne unike opplevinga.

For meir info, besøk Facebook-sida vår: Link eller send ein e-post til ruben@skogselskapet.no

 

Stubbekonsertar og familiedagar rundt om i Sogn og Fjordane

Stubbekonsertar og familiedagar i Sogn og Fjordane sommaren 2021

Det har blitt arrangert 3 familiedagar med stubbekonsert i Sogndal, Stryn og Sunnfjord. Førstkommande helg (17. og 18. juli) blir det arrangert i Luster og Sunnfjord igjen.

Så langt har det vore fine aktivitetar for både små og store, og servering av vaniljeis frå Diplom-is der smaken kjem frå norsk gran. Alle som ville ha is måtte spikke si eiga skei.

Vi gler oss til dei resterande familiedagane, og håpar mange nyttar seg av tilbodet.

 

 

Skogdagar hausten 2021

Til hausten blir det fleire skogdagar rundt om i Vestland fylke. Sogn og Fjordane Skogselskap er i full gang med planlegging av ulike skogdagar/kveldar, og er det interesse i ditt distrikt, så send ein mail til ruben@skogselskapet.no.

Me oppdaterer oversikta fortløpande, og legg også ut skogdagane på Facebook-sida vår.

 

Skogdagane er delfinansiert av Vestland Fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.

 

 

Dag Dato Stad Kommune Fagleg innhald Klokkeslett
Måndag 16. aug Indrehus Bruk Bremanger Sagbruk, skogsveg, planting og ungskogpleie 16.00
Tysdag 17. aug Bjordal Høyanger Stell av lauvskog og uttak av never 17.00
Tysdag 31. aug Rydlandsvågen Alver Stell av ungskog (planting, avstandsregulering) 17.00
Onsdag 1. sept Voss Voss Ungskogpleie 17.00
Måndag 6. sept Innvik Stryn Fokus på tidleg hogst og skogkultur 13.00
Tysdag 7. sept Søre Kvinnherad Kvinnherad Stell av ungskog (planting, avstandsregulering, rett treslag), verdien av skog mm. 17.00
Måndag 20. sept Klubbhuset til IL Selje Stad Verdien av skog, skogkultur, sitkagran 17.00
Tysdag 21. sept Stokke Gloppen Hogst, planting, ungskogpleie, og verdien av tre 10.00
Tysdag 21. sept Blakset Stryn Skogsbilveg, skogfond og skogkultur 17.00
Onsdag 22. sept Eikefjord/Flora Kinn Ungskogpleie i furuskog, tømmerprisar 17.00
Torsdag 23. sept Lone Fjaler Stell av ungskog (planting, avstandsregulering), verdien av skog mm. 10.00
Måndag 27. sept Takledalen Gulen Foryngelse av sitkagran, regulering av granskog, skogkultur, tømmerprisar mm. 17.00
Torsdag 30. sept Balestrand Sogndal Stell av ungskog (planting, avstandsregulering), verdien av skog mm. 17.00
Torsdag 7. okt TBA Fitjar/Stord? Stell av ungskog (planting, avstandsregulering), verdien av skog mm. 13.00
Torsdag 7. okt Tysvær Sveio Planting, forynging og skogkultur 17.00
Onsdag  20. okt TBA Kvinnherad? Skogfond og tiltak i skogen 17.00
Torsdag 21. okt TBA Tysnes? Stell av ungskog (planting, avstandsregulering), verdien av skog mm. 10.00
Torsdag 21. okt TBA Kvinnherad? Skogfond og tiltak i skogen 17.00

 

Familiedag og stubbekonsert i Stryn

Førre helg starta Skogselskapet med familiedagar og stubbekonsert, og allereie førstkommande sundag kjem den neste. Då blir det familiedag i Oppstryn der det er aktivitetar som spikking, bygging av treklossar, natursti (guida), og treet som råstoff (lukt og kjenn på bl.a. stoffet cellulose og lignin).

Foto: Camilla Monsen

Me håpar mange tek med seg heile familien til eit dag i skogen. Familiedagen vil inneberer aktivitetar for born i alle aldrar og er open for alle. Skogselskapet, som er ein ideell medlemsorganisasjon, ynskjer at alle skal få oppleve skog som ein verdifull kjelde til livskvalitet. Organisasjonens mål er å fremje forståinga for skogens mangesidige betyding.  Med aktivitetar der deltakarane lærer og aktiviseres ute i skogen, har me tru på at sitt att med meir enn berre ei fin turoppleving etter ein slik dag.

Etter aktivitetane vil Sissel Marie spele med bandet sitt foran trestubbar som publikum kan sitte på.

Det blir satt opp skilt ved vegen, og ved parkeringa.

Familiedagen blir halden ved Oppstrynsvatnet

Sving til høgre like før Strynvatn camping, og parker ved velteplassen. Deretter er det eit par hundre meter å gå på traktorveg.

Familiedag & stubbekonsert rundt om i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap lanserer i sommar eit nybrottstiltak som kombinerer musikkopplevingar og skogaktivitetar for born. Minst seks stubbekonsertar blir haldne rundt om i Sogn og Fjordane.

Skogselskapet inviterer alle barnefamiliar og andre til ein skogdag der me i tillegg til skoglege aktivitetar har fått lokale artistar til å spele føre trestubbar som publikum kan sitte på, derav namnet «stubbekonsert».

Sjølv med strenge korona-restriksjonar, så er det ingen som kan ta oss på at publikum ikkje sitt på fastmonterte sitteplassar, fortel ein nøgd dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben R. Bøtun.

Skogselskapet jobbar med å formidle skogens mangesidige verdiar, og det å nytte skogen til andre formål enn eit aktivt skogbruk er også noko som er viktig å formidle. Ikkje minst ynskjer me å løfte fram lokale artistar som endeleg kan spele føre eit publikum att! Takka vere god økonomisk stønad frå Gjensidigestiftinga, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og kommunane har me mogelegheit til å tilby denne familiedagen & stubbekonserten heilt gratis for dei som ynskjer å delta, seier Bøtun

Familiedagane vil starte kl 12.00, og det blir haldt aktivitetar for born i omtrent alle aldrar. Det vil vere spikking, quizar, smaksprøvar og andre aktivitetar der borna lærar samstundes som dei gjer aktivitetar. Etterpå vil ein artist/band halde ein konsert.

Det er spesielt gledeleg å invitere til konsert når det er so mange festivalar som må avlysast i år. Dette er ein av få mogelegheiter lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane har til å oppleve lokal kultur, og me vonar at mange tek turen ut i skogen for denne unike opplevinga! seier ein entusiastisk Ruben R. Bøtun.

Det er satt opp 6 familiedagar, med 6 ulike artistar/band. Den første familiedagen blir ved Dagsturhytta i Sogndal, 300 moh. Her vil ein kunne nyte utsikta samstundes som ein høyrer på Håvard Øyrehagen sine velspelte tonar.

Det jobbast med å få endå eit par artistar, men Skogselskapet held korta tett til brystet om kven som kan vere aktuelle, og kvar det eventuelt blir arrangert.

Les mer

Planteopplæring i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap er i full gang med opplæring av norske plantørar, og berre i mai har det blitt arrangert 6 plantedagar med 60 deltakarar i regi av Skogselskapet.

Etter at det blei kjent for ålmenta at dei utanlandske plantørane ikkje ville komme seg til Noreg for å plante skog, og det var stort behov for norsk arbeidskraft har pågangen vore enorm. Fleire hundre personar har tatt kontakt med skognæringa for å arbeide både på deltid og fulltid med skogplanting. I Vestland har Skogselskapet tatt på seg oppgåva med å lære opp dei som har meldt interesse for planting. Berre i første halvdel av mai vart det arrangert 6 plantedagar og etterpå har ein del av deltakarane satt mange planter i jorda for AT Skog, Nortømmer og Fjortømmer, dei tre næringsaktørane i skogbruk i Vestland.

Samarbeid – Skogselskapet, næringa og forvaltinga

«Plantedagane er eit godt samarbeid mellom Skogselskapet, næringa og forvaltinga (Statsforvaltaren), og var heilt naudsynt når pågangen var så stor som den var. Det er fleire hundre tusen planter som skal plantast i fylke vårt, og me håpar og trur at den norske arbeidskrafta gjer ein framifrå innsats for å plante så mange planter som mogeleg. Det er naturleg at det vil ta litt tid med både opplæring og innøving av gode rutinar, men me håpar at skogplanting er noko lokalt busette nordmenn kan fortsette med i dei kommande åra også»  seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap, Ruben Bøtun.

Stor interesse

Det er ikkje berre potensielle plantørar som melder si interesse for skogplanting, også media har brukt mykje omtale på skogsaka. I den siste tida har både radio, aviser og TV frå både lokale og riksdekkande media skreve og filma om skogplanting på Vestlandet. Den store interessa for skogbruk er eit godt teikn, og det syner at fleire enn oss trur på skogbruket i framtida.

Innkalling til årsmøte på Brandsøy

Innkalling til årsmøte 28.mai 2021 “TRYKK HER”

 

Alle medlemmer blir invitert gjennom e-post og post, og innkallinga har blitt sendt ilag med årsmeldinga for 2020.

Grunna korona-pandemien er det per dags dato berre lov å samle 10 personar på innandørsarrangement, og me ber alle som ynskjer å delta sendte ein mail til ruben@skogselskapet.no for påmelding. Om ein ynskjer å delta digitalt, så gi beskjed om det også, så vil ein få ein link til møtet.

 

Me håpar me kan samle mange fleire neste år.

 

mvh

Ruben R. Bøtun
Dagleg leiar
Sogn og Fjordane Skogselskap

Skogdagar i Vestland våren 2021

Sogn og Fjordane Skogselskap skal i løpet av våren 2021 arrangere mange skogdagar rundt om i fylket.

Her er ein oversikt over dei skogdagane/skogkveldane som blir arrangert, (blir oppdatert fortløpande).

 

Dag Dato Klokkeslett Kvar Kommune Skogdag
Måndag 26.apr 17.00 Valeberg Sogndal Ungskogpleie i furuskog
Tysdag 27.apr 17.00 Holmedal Askvoll Ungskogpleie
Onsdag 28.apr 10.00 Innvik Stryn Ungskogpleie og planting
Onsdag 28.apr 17.00 Brandsøy Kinn Ungskogpleie
Torsdag 29.apr 10.00 Sandane Gloppen Ungskogpleie
Torsdag 29.apr 17.00 Dale Fjaler Ungskogpleie, planting og hogwst
Fredag 30.apr 10.00 Eikås i Jølster Sunnfjord Ungskogpleie i furuskog
Måndag 03.mai 17.00 Simonsetervegen Luster Ungskogpleie og planting
Tysdag 4.mai TBA TBA TBA Planteopplæring
Onsdag 5.mai TBA TBA TBA Planteopplæring
Torsdag 06.mai 18.00 Flotenvegen, Vangsnes Vik Ungskogpleie og planting
Fredag 07.mai 13.00 Saurdalsvegen, Balestrand Sogndal Ungskogpleie og planting

Endå ein kursdag for nye skogeigarar på grunn av stor interesse

Tysdag 13.april kl 18.30-21.00 arrangerer Sogn og Fjordane Skogselskap kurs for nye skogeigarar. 

Grunna stor interesse for kurset den 7.april, så vil me halde endå eit kurs for nye skogeigarar. Kurset blir holdt tysdag 13.april.

Kurset blir haldt digitalt, over Teams, og vil gå gjennom følgjande tema:

  • Hogst (forventingar av verdiar)
  • Planting (kostnad og framtidige verdiar)
  • Skogkultur
  • Skatt og skogfond
  • Skogsbilveg/traktorveg
  • Tilskotsordningar i skogbruket
  • Frivillig skogvern
  • Skogbruksplan
  • Open spørsmålsrunde/diskusjon

Me har satt eit maks deltakartal på 12 stk (6 ledige plassar pr. 7.april), og deltakarar må vere/bli medlem i skogselskapet i Sogn og Fjordane.

Kursinstruktørar vil vere Arnt Laukeland frå Aktivt skogbruk, Ruben Bøtun frå Skogselskapet og vegplanleggar Tormod Jacbosen. Kurset er delfinansiert av Vestland Fylkeskommune

Ynskjer du å melde deg på, send ein mail til Ruben

 

Skogkurs for nye skogeigarar

Onsdag 7.april kl 18.30-21.00 arrangerer Sogn og Fjordane Skogselskap kurs for nye skogeigarar. 

Kurset blir haldt digitalt, over Teams, og vil gå gjennom følgjande tema:

  • Hogst (forventingar av verdiar)
  • Planting (kostnad og framtidige verdiar)
  • Skogkultur
  • Skatt og skogfond
  • Skogsbilveg/traktorveg
  • Tilskotsordningar i skogbruket
  • Frivillig skogvern
  • Skogbruksplan
  • Open spørsmålsrunde/diskusjon

Me har satt eit maks deltakartal på 12 stk, og deltakarar må vere/bli medlem i skogselskapet.

Kursinstruktørar vil vere Arnt Laukeland frå Aktivt skogbruk, Ruben Bøtun frå Skogselskapet og ein av vegplanleggarane i Skogselskapet. Kurset er delfinansiert av Vestland Fylkeskommune

Ynskjer du å melde deg på, send ein mail til Ruben