I full gong med skogdagar i Sogn og Fjordane

Denne veka starta me med skogdagar i Sogn og Fjordane. Vår instruktør instruktør, Arnt Laukeland, har lagt fram kvalitetsreglementet som no er gjeldane for dei som driv med eigenhogst. Det er mykje ein skal tenkje på, alt frå toppdiameter på sagtømmer til kva som godtas av krok. Både i Byrkjelo i Gloppen og Førde i Sunnfjord var det særs godt oppmøte, og me er sikre på at kurset ga dei oppmøtte god informasjon og rettleiing når dei no skal ut å hogge skog.

På fleire av skogdagane møtte også skogsjefen frå kommunen, lokale entreprenørar, skogbruksleiar i skogeigarlaget og andre tømmerkjøparar. 

Allereie på laurdag er det ny skogdag med fokus på kapping av tømmer, og lista over skogdagar blir heile tida oppdatert. Følg oversikta her!

 

 

 

 

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane