Familieskogdag i Brandsøy vart arrangert tysdag 16.9 av Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Noregs Orienteringsforund og Statsskog, i tillegg var Fred-Arild Grøneng frå Sunnfjord Sopp- og nyttevekster med. På dagtid var fire lokale skuleklassar med 50 elevar i aldersspennet 7-11 år innom.
Barnas Skogdag blir arrangert over heile landet i løpet av hausten 2025 med lokale vriar. I Sogn og Fjordane var det på eigendommen til Skogselskapet, i Brandsøya i Kinn kommune, at arrangementet vart gjennomført. Det var lagt opp til fleire aktivitetar som passa både born og unge i alle aldrar. Nokre av aktivitetane som vart tilbode var:
- Lynkurs i båling
- Det generelle bålforbodet er frå 15. april til 15. september, og markerte det med kurs i bålfyring.
- Natursti-kviss
- Skogselskapet har bygd ein ny gangsti frå parkeringa i Leira fram til badeplassen. Langs denne stien vart det sett opp natursti der vinnaren blir trekt 17. september. Premien er eit toastjarn frå Espegaard.
- Hjortevilt
- Det vart synt fram ei kolle inne i bygninga, der ein kunne lære om hjortevilt. Det var også synt fram gevir og innvollar som hjarte, lever, milt, spise- og luftrøyr osb.
- Fuglehotell
- Ein kunne bygge ein fuglekasse med ferdig kappa materialer, med delfinansiering frå Thonstiftinga
- Sopp- og nyttevekster
- Fred-Arild Grøneng, soppkyndig deltok med ei mengd ulike soppar. Det blei også servert saft av geitrams og svarthyll
- Laftebygging og brubygging
- Både store og små fekk prøvd lafteteknikk med laftebyggesettet nede ved grindbygget vårt, i tillegg kunne ein bygge ei såkalla Da Vinci Bru.
- Orientering
- Norvald Hestetræet frå Norges Orienteringsforbund hadde laga ei orienteringsløype der borna kunne få ei innføring i orientering
- Servering
- Det vart servert kokekaffi og solbærsaft/toddy, i tillegg til at det var varme bålpanner der ein kunne grille middagen
I løpet av dagen, inkludert 2., 3., 4. og 6. klasse frå Brandsøy skule, var det om lag 70-80 personar innom Brandsøy for å lære meir om skog, flora, fauna, byggeskikk, orientering og natur.
-Bilder frå arrangementet kjem-