Motivasjonsprosjekt for auka skogkultur

Sogn og Fjordane Skogselskap er prosjektansvarleg for Prosjekt Skogkulturmotivasjon 2017 som no startar opp. Bak prosjektet står Skogselskapet og Vestskog. Prosjektleiar er Arnt Laukeland, som vil samarbeide nært med skogfunksjonærane i kommunane og dei tilsette hos prosjekteigarane. Prosjektet har finansiering frå skogkulturmidlar frå Fylkesmannen.

Bakgrunnen for prosjektsatsinga er at avverkinga av hogstmoden gran i Sogn og Fjordane har auka kraftig dei siste åra, medan skogkulturaktiviteten heng etter. Sogn og Fjordane Skogselskap, Vestskog SA og kommunane som samarbeider i prosjektet, ynskjer å ta initiativ til ein offensiv for å motivere skogeigarane til auka skogkulturaktivitet. Hovudvekta vil bli lagt på tilplanting etter hogst, men også suppleringsplanting, etablering av nye  ungskogfelt og ungskogpleie vil ha fokus.

Prosjektinnsatsen

Prosjektet vil formidle informasjon til skogeigarane gjennom to hovudkanalar: Temakveldar i felten om planting og stell av ungskog og individuell rettleiing til skogeigarar ved oppsøkjande verksemd. Prosjektet har som mål å arrangere 15 skogkveldar og ha individuell rettleiing mot 200 skogeigarar gjennom sommaren og hausten 2017. Ved denne innsatsen har ein som målsetjing å auke aktiviteten i skogkulturarbeidet kraftig – til 900.000 utsette planter og 2.000 dekar etterarbeid samla for dei to åra 2017 og 2018.

 

Sunnfjord fyrst ute

Dei fyrste temakveldane startar i Sunnfjord. Fyrst ut er Gaular 30. mai. Så følgjer Naustdal 31. mai og Jølster 1. juni. Alle arrangementa startar kl. 17.00. Meir detaljert informasjon kjem i lokalavisa.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane