Familieskogdag i Hauglandsskogen

Laurdag 14. november inviterer Skogselskapet i Bergen og Hordaland og FramTre til familieskogdag i Hauglandsmarken, i Alver kommune. Her får både små og store høve til å oppleve skogen på nært hald, lære meir om bruk av tre og utforske korleis skogressursane våre blir forvalta og foredla. Det blir ein dag med praktiske aktivitetar, bålkos og spennande demonstrasjonar i skogen.

Praktisk informasjon

Dato: Laurdag 14. november
Stad: Hauglandsskogen, Alver kommune
Tid: Familiearrangement 13.00 – 14.00. Skogfagleg program 14.00 – 15.30

Vegbeskriving og parkering: Parkering ved fotballbana for dei som ønskjer å rusle skogsbilvegen fram til arrangementet, eller følg skiltanvisning ved hovudveg (Radøyvegen). Få vegbeskriving i Google Maps her.

Ta med: Nistepakke som kan grillast på bålet, gode klede etter været og godt humør.

Klikk på biletet for å kome til arrangementsida på Facebook:

Desse deltek og vil vera tilgjengeleg for spørsmål og drøs gjennom dagen:

Aktivitetar for heile familien kl. 13.00–14.00

Den første delen av arrangementet er retta mot familiar og andre som ønskjer å bli betre kjende med skogen og ressursane han gir oss. Haugland Skog Veglag SA legg til rette for bålkos og gir ei innføring i trygg bruk av bål.

Gjennom ein natursti får deltakarane utforske skogen på ein lærerik og morosam måte. Her kan ein teste kunnskapen sin om ulike treslag, undersøkje korleis ein kan finne alderen på eit tre ved å telje årringar, og lære meir om kva produkt vi bruker tre til i kvardagen. Aktivitetane gir eit innblikk i samanhengen mellom skogen vi ser rundt oss, råvarene han gir, og produkta vi nyttar.

Det blir òg høve til å prøve seg på fuglekassesnekring. Ved å byggje ein fuglekasse kan deltakarane bidra til å skape gode reirplassar for fuglane når våren kjem. I tillegg får dei ei innføring i haustbare utmarksressursar og korleis skogen og utmarka kan nyttast på ein berekraftig måte.

Frå tre i skogen til ferdig produkt kl. 14.00–15.30

Frå klokka 14.00 blir det eit meir skogfagleg program for alle som ønskjer å lære meir om skogbruk og skogforvaltning. Rolf Erling Loe frå Skogkurs kjem for å demonstrere trefelling og aptering. Aptering handlar om å vurdere og dele opp eit felt tre i stokkar med ulike lengder og kvalitetar, tilpassa kva tømmeret skal brukast til vidare.

Deltakarane får òg sjå demonstrasjon av og høyre meir om ungskogpleie. Dette er eit viktig tiltak i skogbruket, der ein legg til rette for at dei beste trea skal få gode vekstvilkår. Slik kan skogeigaren påverke utviklinga av skogen og kvaliteten på framtidig tømmer.

Velkomen til ein lærerik dag i skogen!

Har du spørsmål til arrangementet?

Ta kontakt med Skogselskapet Bergen og Hordaland, ved Atle Almeland eller Sara Nonås Langhelle

Atle Toft Almeland
Daglig leder

Tlf: 908 90 325
ata@skogselskapet.no

Sara Nonås Langhelle
Formidlingskoordinator

Tlf: 936 32 292
snl@skogselskapet.no