Skogselskapet har som hovudbodskap å blant anna fremje rekreasjon og folkehelse. I vår kommunikasjonsstrategi står det litt om vårt føremål, vår visjon og våre satsingsområder.
Våre tre satsingsområder er
-Skog og klima
-Skog og skogbruk
-Skog og helse
Skogselskapet i Sogn og Fjordane har dei siste åra arrangert mange skogarrangement der fokuset er skog og skogbruk, og gjennom skuleskogdagar skog og klima. Det har vore lite arrangement der hovudbodskapen er skog og helse. Det skjer no.
Måndag 3. februar inviterer Skogselskapet til ein fagkveld med fokus på dei positive sidene ved å bruke naturen for å betre folkehelsa. Storsalen i Sogndal kulturhus er leigd for arrangementet, og både professor Anne Inger Borge, overlege Gro Selås, skgosbadguide Bente Øien Hauge og treningsguru Yngvar Andersen kjem for å snakke for publikum. Arrangementet startar kl 18.30 og vil vere ferdig kl 21.00.
Les meir om foredragshaldarane her: https://skogselskapet.no/arrangementer-sogn-og-fjordane/natur-og-helse-3-februar-i-sogndal/