Årets ærespris tildelast Sollid Skog As frå Surnadal under årsmøtet i Skogselskapet i Møre og Romsdal 8 juni 2017.
Roar Sollid tok i mot prisen på vegne av selskapet.
Bedrifta starta opp som enkeltmannsføretak i 1991 og blei til AS i 1992. Dei starta opp som entreprenør med ein velbrukt Kokkum hogstmaskin i 1991 og sia har dei investert jamleg i maskinar og har i dag 2 hogstmaskiner, 2 lassbærere , 2 gravemaskiner og en lastebil til å frakte utstyret med, for å fremje effektivitet innan skogsdrifta. Dei har utmerka seg gjennom mange år med eit godt og presist arbeid for skogbruket i heile fylket på ein berekraftig måte.
Det er difor ein glede å få lov til å tildele Skogselskapets ærespris til Sollid Skog AS.
Skogselskapet i Møre og Romsdal gratulerer Sollid Skog As med utmerkelsen.