Tag Archive for: ledig stilling

Ledig stilling: Kommunikasjonsleder

Ledig stilling: Vegplanleggar

Skogsvegplanleggar

Stilling: Skogsvegplanleggar
Stillingsprosent: 100%
Frå dato: Snarast
Søknadsfrist: 19.februar

Sogn og Fjordane Skogselskap er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider i heile Vestland fylke. Skogselskapet jobbar for å fremje forståinga for skogens mangesidige betydning, og arbeider for eit godt skogbruk. Skogselskapet har 4 tilsette og har hovudkontor på Brandsøy i Kinn kommune.

I april vil ein av våre to skogsbilvegplanleggarar gå av med pensjon, og vi ser etter ein person som kan erstatte denne stillinga.

Vi ser etter ein person som kan bidra med planlegging av skogsbilvegar på ein heilskapleg og god måte i Vestland fylke. Vi søker primært etter ein person som er lokalisert i Hordaland-regionen. Stillinga krev sjølvstendig arbeid, men også team-arbeid med arbeidsgivar og medarbeidar. Kandidaten bør ha minst treårig høgare utdanning.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse og bakgrunn. Nokre aktuelle oppgåver kan vere:

  • Planlegging av vegtrasé med heilskapleg planlegging.
  • Prosjektleiing
  • Grunneigarmøter
  • Stikking av veg i terrenget
  • Digitalisering av planlagde vegar
  • Utarbeiding av teikningar, anbodsdokument, kostnadsoverslag etc.

Kvalifikasjonar og viktige eigenskapar:

  • Grunnleggjande GIS-kompetanse
  • God IT kompetanse
  • Grunnleggjande skogkompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, og god språkleg framstillingsevne
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • Erfaring er ein fordel, men nyutdanna oppfordrast også til å søke

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, med erfarne medarbeidarar innan vegplanlegging
  • Utviklande og interessante utfordringar i eit breitt spekter av prosjekt
  • Stor fleksibilitet i arbeidskvardagen
  • Heimekontor
  • Løn etter avtale

 

For meir info om stillinga, kontakt Ruben R. Bøtun på tlf: 95761717 e-post: ruben@skogselskapet.no.

Søknad med CV sendast pr e-post til same adresse, seinast 19.februar.