Foredrag med Bernt-Håvard Øyen og årsmøte i Sogn og Fjordane

Skogselskapet i Sogn og Fjordane inviterer til foredrag: «Naturkrise eller kunnskapskrise? Trekk frå skogbrukshistoria på Vestlandet» med Bernt-Håvard Øyen.

Den mangeårige forskaren har sidan doktorgraden sin i 1992 skreve mange avhandlingar om Vestlandsskogane. Han har ei lang og solid forskar- og formidlarkarriere ved NIBIO si avdeling i Bergen. Øyen ar vidare jobba mykje og grundig med skogreising, skogproduksjon og tilpassing av gran, sitkagran mm.

Stad: Vite Meir, Vitensenteret, Skarpteigvegen 2, 6854 Kaupanger.
Dato: Torsdag 4. april frå kl 10.00

Program:
Kl. 10.00 Frammøte og enkel servering
Kl. 10.30 Opning v/ styreleiar Terje Engvik
Kl. 10.40 «Naturkrise eller kunnskapskrise? Trekk frå skogbrukshistoria på Vestlandet»
Fagforedrag av Bernt-Håvard Øyen
Kl. 11.30 Informasjon om Vite Meir-senteret, med spesielt fokus på bruk av tre i bygget
Kl. 11.45 Omvising på Vite Meir
Kl. 12.30 Lunsj
Kl. 13.30 Det norske Skogselskap. Presentasjon av konstituert direktør Karl Henrik Berke.
Kl. 14.00 Årsmøtesaker

Årsmelding blir sendt ut i posten måndag 18. mars til alle våre medlemmar.

Påmelding: https://forms.office.com/e/caPd3GygcQ

Vitensenteret på Kaupanger er bygd med 90% tre. Prosjektleiar Tage Sundell vil informere om byggeprosessen og sjølve bygget. Deretter vil det vere mogeleg å sjå seg rundt i bygget.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane