Aktuelle saker frå Sogn og Fjordane
Kurs og skogdagar i regi av Sogn og Fjordane Skogselskap
Sogn og Fjordane Skogselskap er eitt av 19 regionale skogselskap tilslutta Det norske Skogselskap. Skogselskapet er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider for å skape forståing for alle verdiane knytte til skogen: Verdiskapar, viktig klimafaktor, tradisjonsberar og kjelde til livskvalitet.
Sogn og Fjordane Skogselskap har tilhald på Brandsøy i Kinn kommune, der skogselskapet gjennom mange år dreiv planteproduksjon og forsynte skogbruket i fylket med skogplanter. Skogselskapet sin bynære eigedom er på vel 800 dekar. I dag er det golfbane, hestesportenter og andre utleigeaktivitetar på eigedomen.
Viktige oppgåver for skogselskapa er informasjon og opplæring. Fleire av fylkesskogselskapa driv stadig med planteproduksjon. Skogselskapet står også bak viktige etableringar som Det norske Skogfrøverk og Skogbrukets Kursinstitutt og gir ut tidsskriftet Norsk Skogbruk – eit frittståande, uavhengig organ for skogbruksnæringa.
Styret
Styret i Skogselskapet i Sogn og Fjordane består av:
Styreleder: Terje Engvik
Nestleder: Merete Larsmon
Styremedlem: Tom Idar Kvam
Styremedlem: Anders Lorentzen
Styremedlem: Erlend Herstad (oppnemnd av Vestland Fylkeskommune)