Tag Archive for: vestland

Skogdagar hausten 2022

Tømmerprisane er for tida rekordhøg!

Sogn og Fjordane Skogselskap, ilag med AT Skog og kommunar, arrangerer skogdagar rundt om i heile Vestland fylke, med fokus på skogkultur, som ungskogpleie, planting, plantekvalitet, planteval, men også hogst, tømmerverdi, tømmermarked osb.

Det er fullt mogeleg å stille spørsmål både til instruktør, Skogselskapet, forvaltinga og næringa på dei dagane dei også er tilstades.

Ynskjer du/de at me arrangerer ein skogdag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no

 

Bla lenger ned for å sjå liste over skogdagar hausten 2022, med ulike tema og arrangement.

Det blir servert bålkaffi og enkel matservering

 

Oversikt over planlagte skogkveldar: (Lista vil oppdatere seg kontinuerlig)

 

 

 

 

Dato Klokka Stad Kommune
15.aug 17.00 Kyrkjebø Høyanger
25.aug 17.00 Ryggjebrua, Førde Sunnfjord
12.sept 17.00 Mannebrekke, Vadheimsdalen Høyanger
19.sept 17.00 Nordfjordeid Stad
20.sept 17.00 Hafslo Luster
26.sept 17.00 Feios Vik
24.okt 16.00 Hugsdalen, Leikanger Sogndal
25.okt 16.00 Fjærestad, Balestrand Sogndal
5.nov PEFC KURS Gimmeland Bergen
14. nov 10.00 Skogseminar med politisk debatt, Vossavangen Voss
15. nov 12.00 Karrieredag, Skulestadmo, Voss Voss
16. nov 12.00 Karrieredag, Moskog, Førde Sunnfjord
25. nov 10.00 Kappedag, Eid Stad
2. des 11.00 Kappedag og demonstrasjon av taubane, Balestrand Sogndal
6. des 19.00 Digital grunnkurs i skogbruk, Teams (Fullt!) Teams
7. des 10.00 Kappedag, Hafslo Luster
7. des 18.00 Skogfondskveld med middag, Hafslo Luster
8. des 10.00 Kappedag, Feios Stad
12. des 19.00 Digital grunnkurs i skogbruk, Teams Teams

 

Ledig stilling: Vegplanleggar

Skogsvegplanleggar

Stilling: Skogsvegplanleggar
Stillingsprosent: 100%
Frå dato: Snarast
Søknadsfrist: 19.februar

Sogn og Fjordane Skogselskap er ein ideell medlemsorganisasjon som arbeider i heile Vestland fylke. Skogselskapet jobbar for å fremje forståinga for skogens mangesidige betydning, og arbeider for eit godt skogbruk. Skogselskapet har 4 tilsette og har hovudkontor på Brandsøy i Kinn kommune.

I april vil ein av våre to skogsbilvegplanleggarar gå av med pensjon, og vi ser etter ein person som kan erstatte denne stillinga.

Vi ser etter ein person som kan bidra med planlegging av skogsbilvegar på ein heilskapleg og god måte i Vestland fylke. Vi søker primært etter ein person som er lokalisert i Hordaland-regionen. Stillinga krev sjølvstendig arbeid, men også team-arbeid med arbeidsgivar og medarbeidar. Kandidaten bør ha minst treårig høgare utdanning.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåver vil avhenge av kompetanse og bakgrunn. Nokre aktuelle oppgåver kan vere:

  • Planlegging av vegtrasé med heilskapleg planlegging.
  • Prosjektleiing
  • Grunneigarmøter
  • Stikking av veg i terrenget
  • Digitalisering av planlagde vegar
  • Utarbeiding av teikningar, anbodsdokument, kostnadsoverslag etc.

Kvalifikasjonar og viktige eigenskapar:

  • Grunnleggjande GIS-kompetanse
  • God IT kompetanse
  • Grunnleggjande skogkompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, og god språkleg framstillingsevne
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • Erfaring er ein fordel, men nyutdanna oppfordrast også til å søke

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø, med erfarne medarbeidarar innan vegplanlegging
  • Utviklande og interessante utfordringar i eit breitt spekter av prosjekt
  • Stor fleksibilitet i arbeidskvardagen
  • Heimekontor
  • Løn etter avtale

 

For meir info om stillinga, kontakt Ruben R. Bøtun på tlf: 95761717 e-post: ruben@skogselskapet.no.

Søknad med CV sendast pr e-post til same adresse, seinast 19.februar.