Første av tre stubbekonsertar gjennomført

Sundag 25. juni møtte 30-35 personar opp i Valebergskogen, for å høyre på musikk i sommarvarmen

Skogselskapet i Sogn og Fjordane arrangerte familiedag og stubbekonsert i Valebergskogen i sommarvarmen. Det møtte opp over 30 personar, og dei fekk prøvd seg på treslagskunnskap, tippe høgd og alder på ståande furutre, spikke og sette opp tårn. Aldersspennet på deltakarane var på omlag mellom 0 til 80 år. Det vart også servert vaniljeis, laga av vannilin frå granskogen vår, og Lerum tørstedrikk, ettersom det var omlag 25-27 grader i skuggen.

Etter aktivitetane song Krudlalaget for publikum som satt på trestubbar, derav uttrykket Stubbekonsert. Helga Farestveit og Kjetil Russenes song og spelte for eit takknemmeleg publikum etter Krudlalaget. Alt føregjekk i eit nytt hogstfelt over Valeberg på Kaupanger.

Me takkar for oppmøte, og gler oss til neste familiedag med stubbekonsert. Dei to siste arrangementa blir:

  • Alsåker 55, Nordfjordeid, 16. juli kl. 12.00. Artist: Maren Holmgren
  • Langhogen, Dale i Fjaler, 6. august kl. 12.00. Artist: Sigrid Felde

 

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane