Tag Archive for: stubbekonsert

Line Dybedal spelar stubbekonsert i Nordfjordeid 7. august!

Line Dybedal spelar ved den nye skogsbilvegen i Nordfjordeid laurdag 7. august. 

Foto: Helle Frogner

Sogn og Fjordane Skogselskap er glade for å presentere Line Dybedal, frå Selje, som årets siste stubbekonsert-artist. Det blir aktivitetsdag for heile familien i forkant, før Line vil spele med Nordfjordeid som “backdrop”. Kanskje den flottaste konsertlokaliteten i landet?

Aktivitetsdagen startar kl 12.00 ved eit hogstfelt på sørsida av Nordfjordeid, og varar eit par timar før Line Dybedal vil spele ein gratis konsert for oss. Me håpar mange tek turen oppom for denne unike opplevinga.

For meir info, besøk Facebook-sida vår: Link eller send ein e-post til ruben@skogselskapet.no

 

Stubbekonsertar og familiedagar rundt om i Sogn og Fjordane

Stubbekonsertar og familiedagar i Sogn og Fjordane sommaren 2021

Det har blitt arrangert 3 familiedagar med stubbekonsert i Sogndal, Stryn og Sunnfjord. Førstkommande helg (17. og 18. juli) blir det arrangert i Luster og Sunnfjord igjen.

Så langt har det vore fine aktivitetar for både små og store, og servering av vaniljeis frå Diplom-is der smaken kjem frå norsk gran. Alle som ville ha is måtte spikke si eiga skei.

Vi gler oss til dei resterande familiedagane, og håpar mange nyttar seg av tilbodet.

 

 

Familiedag & stubbekonsert rundt om i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap lanserer i sommar eit nybrottstiltak som kombinerer musikkopplevingar og skogaktivitetar for born. Minst seks stubbekonsertar blir haldne rundt om i Sogn og Fjordane.

Skogselskapet inviterer alle barnefamiliar og andre til ein skogdag der me i tillegg til skoglege aktivitetar har fått lokale artistar til å spele føre trestubbar som publikum kan sitte på, derav namnet «stubbekonsert».

Sjølv med strenge korona-restriksjonar, så er det ingen som kan ta oss på at publikum ikkje sitt på fastmonterte sitteplassar, fortel ein nøgd dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben R. Bøtun.

Skogselskapet jobbar med å formidle skogens mangesidige verdiar, og det å nytte skogen til andre formål enn eit aktivt skogbruk er også noko som er viktig å formidle. Ikkje minst ynskjer me å løfte fram lokale artistar som endeleg kan spele føre eit publikum att! Takka vere god økonomisk stønad frå Gjensidigestiftinga, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og kommunane har me mogelegheit til å tilby denne familiedagen & stubbekonserten heilt gratis for dei som ynskjer å delta, seier Bøtun

Familiedagane vil starte kl 12.00, og det blir haldt aktivitetar for born i omtrent alle aldrar. Det vil vere spikking, quizar, smaksprøvar og andre aktivitetar der borna lærar samstundes som dei gjer aktivitetar. Etterpå vil ein artist/band halde ein konsert.

Det er spesielt gledeleg å invitere til konsert når det er so mange festivalar som må avlysast i år. Dette er ein av få mogelegheiter lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane har til å oppleve lokal kultur, og me vonar at mange tek turen ut i skogen for denne unike opplevinga! seier ein entusiastisk Ruben R. Bøtun.

Det er satt opp 6 familiedagar, med 6 ulike artistar/band. Den første familiedagen blir ved Dagsturhytta i Sogndal, 300 moh. Her vil ein kunne nyte utsikta samstundes som ein høyrer på Håvard Øyrehagen sine velspelte tonar.

Det jobbast med å få endå eit par artistar, men Skogselskapet held korta tett til brystet om kven som kan vere aktuelle, og kvar det eventuelt blir arrangert.

Les mer