Familiedag & stubbekonsert rundt om i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Skogselskap lanserer i sommar eit nybrottstiltak som kombinerer musikkopplevingar og skogaktivitetar for born. Minst seks stubbekonsertar blir haldne rundt om i Sogn og Fjordane.

Skogselskapet inviterer alle barnefamiliar og andre til ein skogdag der me i tillegg til skoglege aktivitetar har fått lokale artistar til å spele føre trestubbar som publikum kan sitte på, derav namnet «stubbekonsert».

Sjølv med strenge korona-restriksjonar, så er det ingen som kan ta oss på at publikum ikkje sitt på fastmonterte sitteplassar, fortel ein nøgd dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap Ruben R. Bøtun.

Skogselskapet jobbar med å formidle skogens mangesidige verdiar, og det å nytte skogen til andre formål enn eit aktivt skogbruk er også noko som er viktig å formidle. Ikkje minst ynskjer me å løfte fram lokale artistar som endeleg kan spele føre eit publikum att! Takka vere god økonomisk stønad frå Gjensidigestiftinga, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren og kommunane har me mogelegheit til å tilby denne familiedagen & stubbekonserten heilt gratis for dei som ynskjer å delta, seier Bøtun

Familiedagane vil starte kl 12.00, og det blir haldt aktivitetar for born i omtrent alle aldrar. Det vil vere spikking, quizar, smaksprøvar og andre aktivitetar der borna lærar samstundes som dei gjer aktivitetar. Etterpå vil ein artist/band halde ein konsert.

Det er spesielt gledeleg å invitere til konsert når det er so mange festivalar som må avlysast i år. Dette er ein av få mogelegheiter lokalbefolkninga i Sogn og Fjordane har til å oppleve lokal kultur, og me vonar at mange tek turen ut i skogen for denne unike opplevinga! seier ein entusiastisk Ruben R. Bøtun.

Det er satt opp 6 familiedagar, med 6 ulike artistar/band. Den første familiedagen blir ved Dagsturhytta i Sogndal, 300 moh. Her vil ein kunne nyte utsikta samstundes som ein høyrer på Håvard Øyrehagen sine velspelte tonar.

Det jobbast med å få endå eit par artistar, men Skogselskapet held korta tett til brystet om kven som kan vere aktuelle, og kvar det eventuelt blir arrangert.

Oversikt over arrangement:

Foto: Jo Bergersen

Øyrehagen
Laurdag 19. juni, dagsturhytta i Sogndal

Håvard Øyrehagen har spelt mange konsertar gjennom si musikalske karriere, men aldri før har han spelt på ein konsert så nærme tunet sitt. Før Øyrehagen gjekk solo var han vokalist i rockebandet Tyyl! No er musikken meir roleg pop. Sjølv om han er ein vaskeekte vestlending, så er den mest populære songen per dags dato «Nordland».

Du finn Øyrehagen på ein trestubbe laurdag 19.juni ved Dagsturhytta på Stedje!

 

Foto: Camilla Monsen

Sissel Marie
Sundag 27. juni, Stryn

Sissel Marie Frøyland frå Stryn ga ut sitt debutalbum «Når tida er inne» i 2020 på ekte vestlandsdialekt. Sissel Marie spelar og syng frisk visepop som er så behageleg å høyre på at det er vanskeleg å la vere. Sissel Marie var nominert til Luttprisen 2019 som årets nykommar.

Sissel Marie spelar sundag 27. juni i Stryn HER: Google Maps

 

Foto: Bjørn Heggest

Erlend Os
Laurdag 3.juli 2021, Mo i Førde

Erlend er ein travel mann som kan meir enn berre å spele piano. Han jobbar som lærar på Sunnfjord Folkehøgskule og kan garantere allsong-songar i Sunnfjords skogar. Når han ikkje jobbar som lærar, spelar orgel eller piano, og så er han glad i brettspel. Erlend har bachelorgrad i pianospel og vil ta med seg eit el-piano ut i skogen for å spele for alle som kjem på familiedagen 3.juli.

Erlend Os spelar ved Mo i Førde laurdag 3.juli Google Maps

 

Sindre Steig
Laurdag 17. juli, Skjolden i Luster

Foto: Torgeir F. Nygård

Lustringen Sindre Steig fekk sitt foreløpige gjennombrot i The Voice i 2019 då han imponerte både Morten Harket og mange tusen TV2-sjåarar med songstemma si. Laurdag 19. juli skal han spele føre ei hogstflate i heimelege trakter, i Skjolden i Luster. Me ser fram til at Sindre kjem heim frå storbyen for å spele føre Lustringane att.

Sindre Steig spelar i Skjolden laurdag 17. juli. Google Maps

 

Foto: Kjersti Hegna

Vêrfast
Sundag 18.juli, Mo i Førde

Vêrfast vann Luttprisen for årets nykommar i 2020. Vokalist Lene S. Neverdal frå Sunnfjord, og brødrene Mostrøm frå Gulen er busett i Oslo, men trivst så godt på Vestlandet at dei tek turen til Førde i midten av juli. Dette blir kanskje den einaste scena der dei får lov å ta med hunden sin?

Vêrfast spelar i Førde sundag 18. juli. Google Maps

 

Foto: Kjell Inge Eidsaunet

Alice Kucevic
Laurdag 31. juli, Storåsen, Florø

Alice Kucevic Hugøy frå Florø deltok på TV 2 programmet The Voice i 2019, og vart nominert til Luttprisen for årets nykommar i 2019. I sommar skal ho spele i gå avstand frå heimen sin når ho spelar på Storåsen i Florø. Område har kanskje den flottaste konsert-utsikta på kysten, og me ser verkeleg fram til den akustiske musikken som Alice kjem med.

Alice spelar i Florø laurdag 31. juli. Google Maps

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane