Skogglede og heider under årsmøtet i Innvik til Skogselskapet i Sogn og Fjordane

INNVIK: Med strålande vårvêr, fagleg påfyll og heider til ein markant skogprofil samla Skogselskapet i Sogn og Fjordane 25 deltakarar til årsmøte i Innvik tysdag 20. mai.

Før sjølve årsmøtet fekk deltakarane vere med på ei utferd til Frøholm Sag, der Martin Frøholm viste fram verksemda og orienterte om både drift og framtidsplanar. Deltakarane fekk høyre om korleis sagbruket har levert materiale til bygginga av det nye trefjøset på Agjeld, basert på lokal skog, og om planane for utviding av lagerkapasiteten. Martin Frøholm held på med bygging av nytt lager til materiale på eigedommen sin, som vil auke kapasiteten på bygdesaga.

Turen gjekk vidare til Agjeld Gard, der Jogeir og Gry Agjeld tok imot gruppa og fortalde om erfaringane med å byggje fjøs i tre, heilt frå idé til ferdigbygd. Besøket gav eit konkret innblikk i korleis lokale skogressursar kan nyttast i moderne landbruk og byggeskikk.

Etter utferda samla deltakarane seg til lunsj på Innvik Fjordhotell før sjølve årsmøtet tok til.

Styreleiar Merete Larsmon opna møtet og ønskte velkomen til dei frammøtte. Ho starta årsmøtet med utdeling av «Det norske Skogselskap sin store diplom» til tidlegare styrar av Brandsøy Planteskule, Svein Egil Saure. Saure har arbeida i Brandsøy i over 50 år, og fram til 2017 vart det produsert truleg mellom 30-40 millionar skogplanter som vart planta over heile gamle-fylket, Sogn og Fjordane. Etter at planteskulen vart nedlagt har det blitt meir fokus på informasjon- og kunnskapsformidling innafor skogfaget. Til tross for fylte 80 år i år, så arbeider framleis Svein Saure som rådgjevar i Skogselskapet i Sogn og Fjordane.

Utmerkinga vert gitt til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein ekstraordinær innsats for skogbruket, skogreising eller formidling av kunnskap og engasjement om skog og natur til både barn og vaksne. Og difor var Svein Saure ein verdig vinnar av denne diplomen

I grunngjevinga vart det lagt vekt på innsatsen Saure har gjort for skogbruket gjennom mange år, og korleis han har vore ein viktig formidlar av kunnskap og engasjement for skogen i fylket.

Årsmøtet synte elles stor interesse for vidare bruk av lokale skogressursar og verdiskaping knytt til trebruk i regionen. Det vart tatt opp utfordringane med flaskehalsane i form av for dårlege offentlege vegar og bruer som er ein hemsko for skogbruket og landbruket elles. Det fremja ynskje om at det skal haldast fram med informasjonsformidlinga til kommunar og fylkeskommunar om vegar, spesielt offentlege vegar i Stryn kommune, ettersom det er store mengder med skogressursar som ligg låst bak dårlege vegar.