Perfekte forhold for hogst vinteren 2021

Været har halde seg tørt og kaldt gjennom heile januar månad, og værutsiktene ser lovande ut i februar også. Det har til og med vore solide kuldegrader langt ute på kysten i januar/februar så langt. Dette gir perfekte forhold for skogsarbeid, noko me ser på deltakartala på skogdagane våre. 

Det har vore så bra deltaking, at Kystskogbruket har skreve ei nettsak om både kursinga og værforholda på deira nettsider (link). Og når interessa er så stor, så må me berre fortsetta med den gode jobben med å tilby skogeigarane kurs og informasjon om alt som har med skog å gjere. I januar har me send ut informasjonsbrev til medlemmane våre (er du ikkje medlem kan du bli det her!)

Skogdag i Fjaler 1.februar. Foto: Arnt Laukeland

 

No er me i planlegginsfasen av å arrangere fleire skogdagar i Hordaland-regionen. Korte Kurs prosjektet er delfinansiert av Vestland Fylkeskommune, og då skal me tilby kurs i heile Vestland fylke. Om det er interesse for skogdag/kurs i tømmerkapping, skogfond, introduksjonskurs for nye skogeigarar eller andre tema, send oss ein mail til: ruben @ skogselskapet.no, så ser me kva me får til på Vestlandet. Oversikt over planlagte skogdagar finn du her: https://skogselskapet.no/skogdagar-i-sogn-og-fjordane/

Foto: Dag E. Bøtun

 

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane