Skogselskapet ilag med Sogndal Hagelag inviterer til familieskogdag her (google maps link) på Kaupanger laurdag 10. oktober mellom kl. 12-15.

Det vil vere fleire aktivitetar som passer heile familien. Nina Heiberg vil også vere soppkontrollør om det er nokon som ynskjer å plukke sopp i område.

Aktivitetar:

–Laftebygging

–Natursti med uttrekking av premiar

–Spikking

–Snekring (fuglekassar og flaggermuskassar)

–Bålkurs (med utdeling av caps)

–Brubygging

–Soppplukking (Nina Heiberg stiller som soppkontrollør)

–Tyttebærplukking (lån ein plukkar av oss!) – me gir tips om kvar du skal finne tyttebær

Me varmer opp ei bålpanne, så ein kan ete lunsjen ute denne dagen.

Kart over kvar familieskogdagen vil vere:

Kart