Inspirasjonskveld for damer i Sogn

Skogselskapet i Sogn og Fjordane arrangerte ilag med Sogn Næring ein inspirasjonskveld for damer der ein hadde fokus på det å nytte ressursane som er i innmark og utmark. Omlag 70 kvinner deltok på denne onsdagskvelden i november i Blaoboxen i Sogndal Kulturhus.

Kvinner er underrepresentert i primærnæringar og i gründerstatistikkane. Ifølgje SSB er det om lag 16 % kvinner i primærnæringane. I både jordbruk og fiske har kvinner langt låvare inntekt enn mennene, og omtrent tre gonger så mange menn som kvinner er gründarar.

Under denne kvelden fekk kreative og dyktige kvinner fortelje si historie, og målet var å inspirere andre kvinner til å nytte ressursane, både dei som er på innmarka og utmarka.

Marit Buttingsrud frå Hardanger Bygdeysteri fortalte historia om Tine meieriet som blei lagt ned, og så gjekk ei gruppe bønder saman for å spesialisere seg på steikeost. Alle gjestene fekk også smake på steikeosten til Marit.

Vestland Fylkeskommumne har hatt eit prosjekt gåande med å prøve å få brukt hjorteressursane som er i utmarka vår. Kjersti Soggnes fortalte om prosjektet, og det store potensialet som finnes på Vestlandet. I pausen var det også servert spekepølser av hjort.

Dordi Lerum, som kun et norsk mat i eitt år, fortalte om prosjektet sitt, både utfordringane og mogelegheitane som ho vart klar over etter at ho starta prosjektet den 1. januar 2024.

Deretter var det ein 45 minutters pause der alle fekk smake på ost frå Sogndal, Vik, Aurland, Feios, Veitastrondi, honning frå Lærdal, syltetøy frå Fresvik, marmelade frå Marifjøra, spekepølse av hjort frå Skjolden, og lokal sider og eplemost frå Kaupanger.

Etter pausen fortsatte Katinga Kilian, og ho fortalte om småbruket som ho og mannen kjøpte i Hardanger. Der satsa dei på både marknadshage og blomsterproduksjon. Eit inspirerande foredrag der ho også synleggjorde kor mykje sprøytemiddel som blir brukt i importerte blomar.

Til slutt haldt Renate Lunde frå Vossabia foredrag om seg og hennas veg frå berre å drodle ei bie i sorg til å skape eit produkt som verkeleg har slått gjennom. Og hennas fokus på helse og helsefremjande produkt.

Neste inspirasjonskveld for damer bli i Voss tysdag den 26. november kl 18.30.

Les meir om det her: https://zubarus.com/signup.php?eventId=5331

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane