Sogn og Fjordane Skogselskap arrangerer kappedagar for skogeigarar som planlegger å hogge og levere tømmer denne vinteren. På ein slik kappedag går me gjennom kvalitetskrav for dei ulike sortimenta (som skurslip/sagtømmer og slip/massevirke). Det blir også gått gjennom litt om tømmerprisar, og andre tema som er relevant ved hogst av eigen skog. Det er fullt mogeleg å stille spørsmål.
Ynskjer du/de at me arrangerer ein kappedag i ditt distrikt (i Vestland fylke). Ta kontakt med ruben@skogselskapet.no
Det blir servert bålkaffi og enkel matservering (pølser eller liknande).
Lista vil oppdatere seg kontinuerlig.
Dato | Klokka | Stad | Kommune |
06.jan | 10.00 | Simosetevegen | Luster |
7.jan | 13.00 | Utvik (oppmøte Klypevegen på Valaker) | Stryn |
10.jan | 10.00 | Skilta frå Reedkroa og opp Bakkane | Gloppen |
11.jan | 10.00 | Hjalmalandsvegen 343, Nordfjordeid | Eid |
12.jan | 10.00 | Fjærlandsvegen, ca 500m frå Tyldebrui i retning Fjærland | Sogndal |
13.jan | 10.00 | Hopperstadvegen | Vik |
14.jan | 10.00 | Brulandsvegen 382, Førde | Sunnfjord |
21.jan | 10.00 | Kårstad i Bygstad (Gaular) | Sunnfjord |
24.jan | 10.00 | Midttundalen, blir skilta til oppmøteplass | Gulen |
26.jan | 10.00 | Torpevegen, Øystese | Kvam |
27.jan | 10.00 | ved kraftverket ved Vangjolo, sørsida av Vangsvatnet | Voss |
31.jan | 10.00 | Hovlandsvegen 135, Vik i Sogn | Vik |
12.mars | 10.00 | Fensfjordvegen 933, 5986 Hosteland | Masfjorden |