Samla mellom 60-80 personar til Haustingsdag i Brandsøya

Skogselskapet ynskjer å få meir fokus på ressursane i utmarka/skogen vår, og på sikt auke både fårståing og motivasjon til å hauste seg av ressursane blant befolkinga. Med å Johan Trygve Solheim og Fred-Arild Grøneng som delte sin spisskompetanse om hjortevilt og sopp- og nyttevekster var det ein folkerik dag i Brandsøya.. Fresvik Enspire skule kom frå Sogn med heile mellomtrinnet og tre lærarar, og Brandsøy skule kom med 23 elevar på dagtid. På kvelden var det ope arrangement i driftsbygninga til den gamle planteskulen.

Elevar med på jakt.
Fresvik Enspire skule kom allereie dagen før og overnatte i Brandsøya, dermed var samtidlege elevar med på hjortejakt på morgonkvisten. Det vart observert ein bukk, elles høyrte me mykje brøling no når det er brunsttid.

Foredrag med organar og Geitramssaft.

Etter frukost fekk elevane høyre foredrag av Johan Trygve Solheim, der det blei vist fram organar, hjorteskrott, kule/prosjektil, gevir, skinn og meir, i tillegg fekk elevane smake på hjortetunge, røykt hjortehjarte og steikt hjortelår (skoten 15. oktober).

Fred-Arild Grøneng serverte brenneslesluppe og saft av geitrams, svarthyll og mjødurt. Borna fekk også smake løvetannsirup på kjeks og ost.

Med andre ord, ein smaksrik skuledag for elevane som deltok.

Haustingskveld for dei eldre

På kvelden var det ope arrangement for dei som var interessert i både hjort og nyttevekster. Johan Trygve gjekk gjennom grovpartering av ein spissbukk som hadde blitt skoten under jakt i Brandsøya måndag 14. oktober. Det vart også servert røykt hjarte til dei rundt 30 deltakarane som møtte. Fred-Arild serverte både saft og suppe, i tillegg til to soppstuingar som passa godt til viltkjøt. Etter foredraga var det diskusjonar og prat om hjortejakt, slakting, sopp, saft og andre nyttevekster.

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane