Skogkveld i Vindedalen – sjå moderne hogst i bratt terrengSkogkveld i Vindedalen, Lærdal

Velkomen til skogkveld i Vindedalen i Lærdal! Denne kvelden får du oppleve korleis ny teknologi opnar for effektiv og sikker hogst i bratt terreng.

Stad: Vindedalen (Google Maps)

Dato og klokkeslett: Onsdag den 10. juni kl. 17.00

Skogsamvirket Framtre har investert i T-vinsj, ei løysing som støttar både hogstmaskin og lassberar og gjer det mogleg å drive skogsdrift i langt brattare terreng enn tidlegare. Under samlinga vil Olav Bremer frå Framtre fortelje om hogstmetoden og den omfattande furuhogsten som no går føre seg i Vindedalen.

Skogbrukssjef Arne Kristian Borger vil orientere om status for skogbruket i Lærdal og gi informasjon om aktuelle tilskotsordningar og bruk av skogfond.

Frå Skogselskapet kjem Arnt Laukeland og Ruben Bøtun. Dei vil setje fokus på kva som skjer etter hogsten, og korleis skogeigarar kan sikre framtidsskogen gjennom god forynging og andre viktige tiltak. Tema vil mellom anna vere planting, skogforsikring, ungskogpleie, avstandsregulering og stammekvisting.

Dette er ei gyllen moglegheit for skogeigarar, skoginteresserte og andre som ønskjer å lære meir om framtidsretta skogbruk i Lærdal.

Vel møtt til ein lærerik og inspirerande kveld i skogen!