Skogfondkveld i Nordfjordeid 8. januar

Skogselskapet og Stad kommune arrangerer ein skogkveld med fokus på bruk av skogfond onsdag 8. januar kl 18.00 (til ca. kl. 20.00)

Ved sal av tømmer skal det settast av mellom 4 og 40 % av bruttoinntekta til skogfond. Og iløpet av denne kvelden vil instruktør Arnt Laukeland gå gjennom kva ein kan bruke skogfondmidlane på, og korleis ein får dei utbetalt.

Det vil også gå gjennom skattefordelane ved å bruke skogfond og synleggjere kor mykje ein sparar ved å aktivt bruke skogfond når ein gjer tiltak i skogen.

For å delta ynskjer me påmelding, sjølv om arrangementet er gratis.

Påmeldingslink: https://forms.office.com/e/J25xrfN2AM

Ynskjer du å støtte arbeidet vårt? Bli medlem her: https://zubarus.com/znewmember.php?publisherId=200

Bilete frå skogkveld i Kvinnherad

<- Tilbake

Andre nyheter fra Sogn og Fjordane