Skogselskapet og Framtre inviterer skogeigarar og skoginteresserte til ei synfaring i ungskog der me kan sjå på tiltak som fremjar kvaliteten på framtidsskogen.
Det er utført ungskogpleie over eit areal med ungskog, der naboskogen ikkje har utført tiltak. Me ser på skilnaden, og diskuterer kva fordeler og ulemper det har med desse tiltaka.
Det blir delt ut premiar til deltakarar gjennom ein uhøgtidleg konkurranse.
Stad: Okleviki i Hafslo. Google Maps link
Olav Bremer frå Framtre vil delta, og kunne sei litt om tømmermarkedet no og framover.
Skog i Sogn, den kommunale skogbrukstenesta til skogeigarane vil delta og sei litt om tilskotssatsar for ulike tiltak i skogen

