Vossamøte 24. august frå kl 10.00

Vestland Skognettverk og Kystkogbruket inviterer til skogseminar med skogdebatt måndag frå kl 10.00 i Voss Kulturhus, i den store kinosalen.

Med både europeisk og nasjonal politikk kan skogbrukets langsiktige tankegang endrast mykje på kort tid. Ulike aktørar frå Skog- og trenæringa vil halde foredrag om rammevilkår som påverkar industrien både direkte og indirekte, og forklare kva utfordringar og mogelegheiter det gir oss.

Me vonar at politikarar, offentleg forvalting, studentar, næringsaktørar, skogeigarar, organisasjonar og andre som er opptatt av regional næringsutvikling deltek på dette arrangementet.

Det er gratis å delta på, men krevs påmelding grunna matservering; påmelding innan 19.august på Seminar om rammevilkår for skogbruket i Vestland – Fyll ut skjema

Program:

10.00:   Kaffi og registrering

10.10:   Opning av styreleiar Sjur Ove Svartveit

10.15:   Heidi Finstad, Admin. dir. Treindustrien

              Store utfordringar, og endå større mogelegheiter

10.45 Ida Årø, Norges Skogeigarforbund

Mellom røtter og rammer – skogeierens ansvar og handlingsrom i 2026

11.15:  Ida Marie Flytør, Dæhlin Sand Advokatfirma

                Plikt på reguleringsplan når det gjeld veg og meldeplikt på hogst

11.45: Lunsj

12.30: Kristine Jacobsen, NORSKOG

80-års investeringar utan sikker realisering – et styringsparadoks i skogbruket

13:00:   Politisk del.

Skogbruk i Vestland – ei langsiktig næring med utfordringar og mogelegheiter

Debattantar

Per Jarle Kosior Valvatne – Ap

Tonje Såkvitne – Sp

Johan Lavik – Raudt

Jon Olav Økland – KrF

Helge Stormoen – FrP

Didrik Fasmer – Høgre

Rett etter skogdebatten vil det bli årsmøte i Vestland Skognettverk i kulturhuset. Alle som er interesserte er velkomen til å delta.

Saksdokument: