Prosjektet «Aktive skogeigarar», eit prosjekt som tek sikte på å hjelpa skogeigarar i Rogaland til å forvalta skogressursaene sine på beste vis, rullar vidare. No er det klart for ny fagdag om skog, denne gong i Eigersund.
Deltaking er gratis, men av omsyn til servering treng me påmelding.
Stad: Lanbrukssenteret, Sirdalsveien 38 Helleland
Tidspunkt: Laurdag 9.3. 24 kl. 10.00 – 16.00
Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj. Ettermiddagen brukar me ute i skogen der me ser på bestandar i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.
Fagansvarleg: Per Helle, instruktør frå Skogkurs.
Påmelding: Innan torsdag 7.3. på epost til: rogaland@skogselskapet.no eller tlf: 973 00 095
Program:
10.00 – 12.30
Inntektsmoglegheiter i gammelskogen
- Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
- Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?
For tideleg hogst – store inntektstap
- Kva taper eg ved for tidleg hogst?
- Korleis unngå å hogga for tidleg?
Skogfond – formidabel effekt på lommeboka
- Kva skuldast den store effekten?
- Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?
12.30. Lunsj
13.00 – 16.00
Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar. Transport i eigne bilar.