Vossamøte med fokus på rammevilkår i skogbruket

Vestland Skognettverk og Kystskogbruket inviterte måndag 24. august 2026 til skogseminar og politisk debatt i Voss Kulturhus. Temaet for møtet var rammevilkår for skogbruket i Vestland, med særleg fokus på korleis europeisk og nasjonal politikk påverkar skog- og trenæringa.

Målet med arrangementet var å samle skogeigarar, næringsaktørar, offentleg forvalting, politikarar, studentar og organisasjonar til fagleg påfyll og diskusjon om utfordringar og moglegheiter for ei langsiktig næring. Totalt 80 deltok på arrangementet, med brei bakgrunn.

Seminaret vart opna av styreleiar i Vestland Skognettverk Sjur Ove Svartveit. Deretter heldt fleire representantar frå skog- og trenæringa innlegg:

  • Heidi Finstad, administrerande direktør i Treindustrien, snakka om dei store utfordringane næringa står overfor, men òg om dei endå større moglegheitene. Det er ei paradoksens tid, der det var rekordhøg lønsemd under pandemien, og det vart gjort store investeringar. Deretter kom markedskollapset med inflasjon, usikkerheit og krig. Det siste året har det vore rekordhøge tømmerprisar, men låge prisar på trelast på eksport. I Sverige har det blitt investert stort i å auke kapasiteten i treindustrien, men manglar tømmer. Norsk treindustri kan tape konkurranse mot Sverige. Heidi kom avslutningsvis med ei tydleg melding til poltikarane om at dei må stå ved det dei har lova når det kjem til trebruk og biogent karbonlagring.
  • Ida Aarø Vatne frå Norges Skogeigarforbund tok opp skogeigaren sitt ansvar og handlingsrom i 2026, og korleis ein kan balansere langsiktige investeringar med stadig nye rammevilkår. Ho var inne på all kartlegginga som skjer i skogbruket, og alle omsyna skogeigar må ta, før ein gjer tiltak i skogen. Ida kom med tydleg bodskap om at poltikarane måtte gi handlingsrom (forutsigbare og praktiske rammevilkår), sikre god infrastruktur (nye vegar og oppskriving av offentleg vegnett) og investere i neste generasjons skog (planting og ungskogpleie).
  • Ida Marie Flytør frå Dæhlin Sand Advokatfirma orienterte om plikter knytte til reguleringsplanar for skogsvegar og meldeplikt ved hogst. Ho var inne på to ulike regelverk som møtes i skogbruket; skogbruksloven og plan- og bygningsloven. Og utfordringane viss det krevst byggesakbehandling og søknadsplikt etter plan- og bygnignsloven, kontra landbruksveiforskriften. Det å krevje reguleringsplan for å kunne bygge skogsbilveg vil vere svært kostnads- og tidkrevjande for både myndigheitene og skogeigarar, og vil det tilføre noko nytt? Flytør var også innom meldeplikt, og kva myndigheit kommunen/skogbrukssjef har eller ikkje har. Å innføre meldeplikt i kommunane vil føre til ressurskrevjande saksbehandling for kommunane, med dobbel rapportering. Meldeplikt gir ikkje nødvendigvis betre kontroll – men kan påføre skogeigarar forsinka hogst, økonomiske tap og rettsleg usikkerheit.
  • Kristine Jacobsen frå NORSKOG sette søkjelyset på at skogbruket inneber investeringar med svært lang tidshorisont, samtidig som det ikkje nødvendigvis finst sikkerheit for at investeringane kan realiserast som planlagt. Ho kom med bodskap om at eigedomsretten er viktig og ikkje nødvendigvis ein motpol til miljøomsyn, ho ba deltakarane om å engasjere seg i kommuneplanens arealdel og sjå særleg på omsynssoner, ho oppfordra næringa til å snakke med politikarar og minna om at eigedomsretten er viktig, og ikkje nødvendigvis ein motpol til miljøomsyn.

Den faglege delen vart avslutta med ein politisk debatt om skogbruket i Vestland. Debatten samla representantar frå seks parti: Per Jarle Kosior Valvatne (Ap), Tonje Såkvitne (Sp), Johan Lavik (Raudt), Øystein Måkestad (KrF), Helge Stormoen (FrP) Thea Flølo (Venstre) og Didrik Fasmer (Høgre) med debattleiar Ruben R. Bøtun, sekretær i Vestland Skognettverk.

Eit gjennomgåande tema for seminaret var spennet mellom skogbruket sitt lange perspektiv og eit politisk og regulatorisk landskap som kan endre seg raskt. For skogeigarar og næringsaktørar skaper dette både utfordringar og behov for føreseielege rammevilkår. Samstundes vart det peika på at skogen og trenæringa representerer store moglegheiter for regional næringsutvikling, verdiskaping og framtidig industri i Vestland.

Møtet synte dermed behovet for tett dialog mellom næringa, skogeigarane, forvaltinga og politikarane for å sikre at skogbruket i Vestland kan utviklast som ei langsiktig, lønnsam og berekraftig næring.